Ivaretaking av barn og unge sine interesser

Barn og unge har rett til å delta og ha innverknad i planarbeidet, og kan gi viktige innspel om eige oppvekstmiljø. Barn og unge er eitt av få tema som er framheva i formålsparagrafen til plan- og bygningslova.

Barn og unge er ikkje rettshavarar i formell forstand. Dei blir ikkje varsla som grunneigarar eller naboar og kan heller ikkje alltid sjølv formulere eller ta opp sine krav. Dess yngre barna er, desto meir avhengig er dei av at dei vaksne som tek vare på deira behov. 

Medverknad gjennom ungdomsråd, elevråd, barnetråkkregistrering og andre metodar kan gi nyttige innspel i  konkrete plansaker i kommunane. 

Barn og unge sin talsperson

Kommunane skal ivareta omsyn til barn og unge i planlegginga, og har ei lovpålagt ordning, der ein talsperson følger opp ansvaret. 

Barn og unge sin talsperson skal ivareta rettane til barn og unge i plansaker. Dei skal sjå til at saksbehandling og vedtak er i tråd med plan- og bygningslova, rikspolitiske retningsliner for barn og unge og arealdelen i kommuneplanen med avgjerder og retningsliner.

Kommunen har ei viktig oppgåve i å sikre at barn og unge har eit godt oppvekstmiljø, sørge for at deira interesser blir ivaretatt, og at dei blir høyrt i saker som vedkjem dei, jamnfør artikkel 3, 12 og 13 i FNs barnekonvensjon. Etter § 3-3 tredje ledd i Plan og bygningsloven skal kommunestyret sørge for å etablere ei særskilt ordning for å ivareta barn og unge sine interesser i planlegginga.

Kva er talspersonen for barn og unge sine oppgåver?

Talspersonen skal styrke arbeidet med plansaker for å sikre at barn og unge sine behov og interesser blir meir  synleg.

Talspersonen er fristilt rådmannen si instruksjonsmynde ved lovbestemte faglege gjeremål og er politisk uavhengig. Barn og unge sin talsperson skal vere ei «vaktbikkje» ovanfor kommunen og blant anna sjå til at det ikkje blir planlagt bustadområde slik at barn blir hindra frå aktiv uteleik, enten ved at det ikkje er nok uteareale på bakkeplan, eller at bygningane blir så tette at barna sine moglegheiter for uteleik blir redusert. Talspersonen skal sjå til at planleggings tar innover seg og sikrar gode oppvekstmiljø gjennom gode møteplassar for samvær og leik, idrett og friluftsliv, eit transportnett tilpassa barn og unge, og minimere støy, forureining og fare. Gjennom god planlegging kan ein skape helsefremmande omgivnader for små og større barn.

Det er eit vilkår at barn og unge sin talsperson blir involvert på eit tidleg tidspunkt og at han/ho får sjansen til å uttale seg i dei delane av kommunen si plan- og byggesaksbehandling som omhandlar barn og unge sine interesser, og deira oppvekstmiljø.

Det er viktig at det blir etablert gode arenaer for samarbeid på tvers av fagmiljø, gode møteplassar og gode verktøy for å sikre barn og unge sine interesser, og sikre at barn og unge får vere med i saker som angår dei. Mellom anna barn og unge sin talsperson si deltaking i råd og utval.

Barn og unge sin talsperson vil også kunne bidra overfor kommunen ved barnetråkk og i saker som krev samarbeid.

Lovgrunnlag