Kommunestyret skal éin gong i året vedta ein økonomiplan for dei neste fire åra, og årsbudsjettet for det komande året.
Budsjett for 2025 og økonomiplan 2025-2028
Strategiar som er vedtatt av kommunestyret
- Eigedomsstrategi – saksfremlegg (PDF, 491 kB)
- Eigedomsstrategi (PDF, 2 MB)
- Strategi for heilskapelig innsats – saksframlegg (PDF, 73 kB)
- Strategi for heilskapelig innsats (PDF, 370 kB)
- Langsiktig drifts og investeringsstrategi – saksframlegg (PDF, 75 kB)
- Langsiktig drifts og investeringsstrategi (PDF, 3 MB)
Innhald i årsbudsjettet og økonomiplanen
Budsjettet er ein plan som viser utgifter og inntekter til drift og investering form kommunen i det komande året. Budsjettet er bindande, både politikarar og administrasjonen pliktar å følge det.
Økonomiplanen skal vise korleis dei langsiktige utfordringane, mål og strategiar i kommunen skal bli følgt opp over ein fire års-periode.
Både budsjettet og økonomiplanen har si forankring i kommunen sine overordna planar, som
Økonomiplanen gir ikkje løyvingar, men er retningsgivande for planlegging og budsjettarbeid. Det første året i planen er alltid årsbudsjettet for det komande året.
Korleis kommunestyret behandlar budsjett- og økonomiplanen
Kommunedirektøren lagar kvart år eit forslag til budsjett- og økonomiplan som først blir sendt til behandling i formannskapet. Formannskapet si innstilling til budsjett- og økonomiplan blir så lagt ut til ettersyn i 14 dagar, før det blir sendt til kommunestyret som gjer det endelege vedtaket. I løpet av denne tida kan alle kome med innspel til budsjett- og økonomiplanen. Eventuelle innspel blir ein del av saka som kommunestyret skal behandle.
Forslag og innstilling til endringar i tidlegare vedtatt budsjett- og økonomiplanen blir ikkje lagt ut på ettersyn.
Både administrasjon og politiske organ pliktar å rette seg etter det vedtatte budsjettet og økonomiplanen.
Tidlegare års vedtatte budsjett
Publisert 06.05.2024 11.30
Sist endra 17.12.2024 09.09