Kommunestyret skal i løpet av det første året i valperioden vedta planstrategi.
Innhald i planstrategi
I planstrategien skal kommunestyret ta stilling til om samfunnsplanen og arealplanen skal bli revidert heilt eller delvis, eller om gjeldande planar skal bli vidareført utan endringar.
Kommunestyret sitt vedtak skal bli gjort med bakgrunn i dei utfordringrane kommunen har som samfunn og organisasjon, og kva for politikk kommunestyret ønsker å føre.
I tillegg kan kommunestyret vurdere om det er andre planoppgåver som skal bli prioritert i kommunestyreperioden.
Planstrategi 2024-2028
Vart vedtatt av kommunestyret 21. mars 2023. Planstrategien vart vedtatt saman med planprogram for samfunnsplanen.
Trykk her for å sjå kommunen sin førre planstrategi for 2020-2023.
Lover og reglar
Utarbeiding og innhald i planstrategien følger plan- og bygningslova § 10-1.
Publisert 13.05.2024 14.21
Sist endra 13.05.2024 14.21