Plansystemet i Sula

Kommuneplanlegging må vere rullerande, og vere ein del av eit plansystem som er forankra i kommunen sin organisasjon. For å få eit enkelt og godt plansystem må det vere ein samanheng mellom kommunen sine ulike planar: frå samfunnsplan, arealplan, strategiar og temaplanar, og til budsjett og økonomiplan.

Figuren nedanfor er ei skisse av plansystemet i Sula kommune.  Figuren er under utarbeiding.

Skisse av plansystemet i Sula kommune - Klikk for stort bilete


Samfunnsplanen set søkelyset på kva slags moglegheiter og utfordringar som kommunen har i vente. I den politiske behandlinga av samfunnsplanen skal det bli tatt stilling til kva for mål og strategiar vi bør ha for å utnytte moglegheitane og møte utfordringrane. 

Arealplanen skal vise samanhengen mellom samfunnsutviklinga, som er behandla i samfunnsplanen, og kva for utslag og behov dette gjev for arealbruken. Arealplanen skal også vise korleis areala samla sett bør disponerast for å løyse oppgåver og behov som står beskrive i samfunnsplanen. Ein samla arealplan er naudsynt for å sikre ein planmessig og forsvarleg arealutnytting.

Temaplanar utgjer eit stort planvolum i kommunen. Nokre av desse planane er kommunen lovpålagd å ha, andre vel kommunen å lage sjølv. Ikkje alle temaplanar treng politisk behandling

Kommundelplanar er i praksis temaplanar som blir behandla etter reglane i plan- og bygningslova. Kommunedelplanar skal etter lova ha ein handlingsdel som skal seie noko om korleis planen skal bli følgt opp. Denne handlingsdelen skal bli revidert årleg. Handlingsdelen i kommunedelplanar kan inngå i budsjett- og økonomiplanen. 

Reguleringsplanar er eit juridisk dokument som fortel korleis eit areal kan nyttast og ev. byggast. Ein reguleringsplan består av eit plankart med tilhøyrande føresegner og ei beskriving. Reguleringsplanar kan bli utarbeida som områderegulering for eit større område, eller som ein detaljregulering for eit mindre område. 

Budsjett- og økonomiplanen skal vise korleis dei langsiktige utfordringrane, mål og strategiar i kommunen skal bli følgt opp over ein fire års-periode.

I planstrategien skal kommunestyret ta stilling til om samfunnsplanen og arealplanen skal bli revidert heilt eller delvis, eller om gjeldande planar skal bli vidareført utan endringar.