Samfunnsplan og arealplan
Korleis skal vi planlegge for å oppnå god helse, kor skal vi ha grøne område, korleis samarbeidar vi best med nabokommunar, kor skal vi bygge nye, gode bustadområde? Dette er nokre av spørsmåla som samfunns- og arealplanen skal gi svar på.
Formålet med samfunns- og arealplanen er at dei skal vere langsiktig og føreseieleg når det gjeld politikk og arealbruk for kommunen sine innbyggarar.
Samfunnsplanen er kommunen sin mest overordna plan
Samfunnsplanen set søkelyset på kva slags moglegheiter og utfordringar som kommunen har i vente. I den politiske behandlinga av samfunnsplanen skal det bli tatt stilling til kva for strategiar vi bør ha for å utnytte moglegheiter og møte utfordringane som kommunen står framfor.
Les meir om samfunnsplan her
Arealplanen skal vise samanhengen mellom samfunnsutviklinga og arealbruk i kommunen
Arealplanen skal også vise korleis areala i kommunen samla sett bør disponerast for å løyse oppgåver og behov som er avklart i samfunnsplanen. Ein samla arealplan er nødvendig for å sikre ein planmessig og forsvarleg arealutnytting.
Les meir om arealplan her
Publisert 13.05.2024 13.07
Sist endra 15.05.2024 15.27