Arealplan

Kommunestyret vedtok gjeldande arealplan 30. april 2015. Planen er gjeldande for 2015-2025.

Her kan du sjå alle dokumenta knytt til arealplanen

To motsegner gjekk til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for avgjerd. Departementet endra eitt par punkt i kommunen sitt vedtak av arealplan (her kan du sjå departementet sitt vedtak) (PDF, 10 MB). Endringa inneber at den generelle føresegna om naust opnar for storleik inntil 60 m2 i grunnflate. I reguleringsplan kan det etter konkret vurdering godkjennast større naust enn fastsett i arealplanen.  Vidare stadfestar departementet bustadområde for ein til to bustader i 100-metersbeltet mot sjøen ved Haneneset/Røstad. 

I føresegnene ligg mellom anna ei ny leikeplassnorm.
 

Ny arealplan skal bli utarbeida i 2024-2026

Kommunestyret har vedtatt at det skal bli utarbeida ein ny arealplan for Sula kommune. Arbeidet med ny arealplan vil foregå i 2024-2026. Det blir lagt opp til at kommunestyret skal vedta ny arealplan i 2026.

 

Lover og reglar

Vedtak om arealplan er heimla i plan- og bygningslova § 11-15.