1. Sende inn planinitiativ og bestille oppstartsmøte
Ein fagkyndig plankonsulent sender inn eit planinitiativ, og bestiller oppstartsmøte, på vegne av privat grunneigar, tilakshavar eller utbyggar.
Skjema for planinitiativ
2. Vurdering av planinitiativet
Planavdelinga i kommunen vil vurdere om dei skal anbefale eller stoppe planinitiativet. Dersom planinitiativet blir stoppa, kan forslagsstiller kreve at saka blir behandla politisk.
3. Gjennomføring av oppstartsmøtet
I oppstartsmøtet vil kommunen orientere om rammer og føringar for planarbeidet. Vi tar stilling til om du kan starte opp planarbeidet eller ikkje, og om det er krav til konsekvensutgreiing.
Forskrift om konsekvensutgreiing
4. Kunngjere og varsle om oppstart av planarbeidet
Det skal varslast om oppstart av planarbeidet, det er forslagsstillar sitt ansvar. Det skal varslast gjennom kunngjering i lokal avis, og det skal sendast brev til grunneigarar, naboar og berørte offentlege og private instansar. I tillegg vil vi kunngjere oppstarten på kommunen sine heimesider under Høyring og kunngjering.
For planar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal det og utarbeidast eit planprogram. Dette skal normalt sendast ut samtidig med varsel om oppstart.
Alle kan no komme med innspel til planarbeidet, forslagstiller må så vurdere korleis ein skal ta omsyn til innspela i planarbeidet.
5. Lage planforslag
Fagkyndig plankonsulent lagar, på vegne av forslagsstiller, eit planforslag ut frå dei rammer og føringar som vart gitt i oppstartmøte, og dei innspela som eventuelt har kome inn i forbindelse med varsling om oppstart.
Vi anbefalar at konsulenten har ein god dialog med kommunen i denne fasen.
6. Levere planforslaget første gong
Når forslaget til reguleringsplan er ferdig, skal fagkyndig plankonsulent sende det til kommunen. Planforslaget skal innehalde oversendingsskriv, plankart, føresegner, planbeskriving, risiko- og sårbarheitsanalyse, aktuelle fagrapportar, illustrasjonsmateriell. Innspilla som kom inn som følge av kunngjering om oppstart, skal også leggast ved, korleis desse innspilla blir vurdert og oppfølgde skal gå fram av planbeskrivinga.
7. Betale plangebyret
Før planforslaget blir behandla sender kommunen faktura til forslagsstiller.
8. Behandle planforslaget - tolv veker (1. gong)
Planavdelinga vurderer innhaldet i planforslaget. Om planforslaget er mangelfullt blir det sendt tilbake til fagkyndig plankonsulent. Når planforslaget er komplett blir det laga eit saksframlegg som gjeng til behandling i Det faste utvalet for plansaker
Utvalet behandlar saken, og vedtar om planforslaget skal leggast ut til offentleg ettersyn eller ikkje. Vedtaket kan innehalde krav om at det skal gjerast rettingar i planforslaget før det blir lagt ut til ettersyn.
9. Høyring og offentleg ettersyn - minimum 6 veker
Planforslaget blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Det skal ligge ute i minimum seks veker, fristen blir forlenga hvis høyringa blir lagt ut i samband med høgtider eller sommerferie. Varselet om offentleg ettersyn blir annonsert i lokale aviser, det blir også sendt brev til naboar, grunneigarar, samt offentlege og private instansar. Alle kan komme med innspel til reguleringforslaget.
I høyringsperioden vil planforslaget vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen.
10. Omarbeide planforslaget
Når høyringsfristen er ute, må fagkyndig plankonsulent gjere greie for korleis eventuelle innspel er vurdert og korleis dei er oppfølgde, og sende det til kommunen.
Om det er kome innvendingar frå regionale og statlege myndigeheite, vil det også måtte avklarast korleis desse skal handterast. Det kan bety at den politiske leiinga i kommunen, og den myndigheita som har kome med innvendinga, blir involvert.
11. Behandle saka administrativt - tolv veker (2. gong)
Fagkyndig plankonsulent sender over endret planforslag til kommunen. Planavdeling vurderer og tar stilling til det reviderte planforslaget. Saksbehandlar lager sakframlegg der rådmannen sine vruderingar og konklusjonar gjeng fram. Saka blir gjort tilgjengeleg på den politiske møteplanen på heimesidene våre seinast ei veke før møtet.
Det er Det faste utvalet for plansaker som behandlar saka.
12. Behandle saka politisk og gjere vedtak - tolv veker
Plansaka blir behandla i Det faste utvalet for plansaker som sender si inntilling til kommunestyret. Kommunestyret kan anten vedta, eller ikkje vedta, planforslaget. Reguleringsplanen kan også bli vedtatt med endringar i plankart og føresegner.
13. Kunngjere vedtaket
Kommunen kunngjer vedtaket på heimesidene våre og i lokale avis, det blir også sendt brev til partane i saka. Dersom planen er vedtatt med endringar, må plankonsulenten revidere planmaterialet før vedtaket blir annonsert.
Kunngjorte vedtak ligg under Høyring og kunngjering på heimesida vår.
14. Behandle eventuell klage
Partane i saka kan klage på reguleringsvedtaket. Klagen skal sendast til kommunen som vurderer om den inneheld fakta som har betydd noko for vedtaket. Klagesaken blir lagt fram for Det faste utvalet for plansaker. Utvalet kan vedta å ta klagen helt eller delvis til følge, eller ikkje ta den til følge i det heile. Utvalet kan også velje å avvise klagen. Om klagen ikkje blir tatt til følge, blir den oversendt Statsforvaltaren for endeleg behandling.
Slik sender du inn ei klage