Sommarskule i Sula kommune - invitasjon til lag og foreiningar

Sula kommune ønsker å invitere kommunen sine frivillige lag og foreiningar til å arrangere sommarskule i 2024. Sommarskulen skal leggast til den skulefrie perioda i sommarferien, til dømes veke 26, 27 eller 33.

Barne,- ungdoms- og familiedirektoratet skriv i løyvinga:

Målet med sommarskulen er å gi fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skulen sin sommarferie i 2024, samt ein moglegheit til å få fagleg påfyll.

Vi ser også at dette kan vere ein arena der lag og foreiningar har moglegheit for å vise seg fram og auke rekrutteringa.

Kriteria for søknad

De kan søke om støtte til å arrangere kurs for sommarskulen innanfor dei kriteria som er lista opp under:

  • Kursa skal vere tilpassa målgruppa 5.-10. trinn. Kurset må ikkje dekke heile målgruppa, men kan til dømes være for 5-7. trinn eller 8-10.trinn.
  • Kursa skal ha ei varigheit på ei veke, måndag - fredag, med eit program frå klokka 09:0 - 15:00
  • Kursa kan til dømes vere lagt til veke 26, 27 og 33
  • Kursa skal ha aktivitetar der elevane får kulturell, idrettsleg eller anna aktivitet. Svømmeopplæring er ikkje dekka av tilskotet.
  • Vi oppfordrar  lag/foreiningar til å vurdere om det er mogleg å bruke ungdommar som hjelp til å gjennomføre aktivitetar for barn. Dette er ein fin moglegheit for unge til å få si første arbeidserfaring.
  • Dersom lag/foreiningar samarbeider om aktivitetar vil dette telle positivt for ein søknad.
  • Vi ber lag og foreiningar beskrive korleis dei vil inkludere minoritetsspråkelege og barn og unge med ulike funksjonsvariasjonar .
  • Vi ber lag og organisasjonar om å annonsere sommaraktivitetane via sula.friskus.com

Søknad

Er det av interesse for dykk å bidra kan de sende søknad til innan 7.  mai.

Søknaden må innehalde:

  1. Ei skisse for aktivitetar som skal inngå i veka, inkludert mål for kurset
  2. Total kostnadsramme det vert søkt midlar til (inkl. lønn, utstyr, behov for skyss til aktivitetar o.l.). Om lag/foreining vel å arrangere skyss skal dette stå i søknaden og behovet skal vere beskrive. Lag/foreining må ved arrangert skyss innhente samtykke frå føresette i forkant.
  3. Ønska veke
  4. Tal på plasser til elevar
  5. Tal på vaksne som vil vere til stades
  6. Informasjon om lag/foreining mottek støtte frå andre aktørar til sommaraktivitetar. Det skal stå kven de får støtte frå og størrelse på støtta.

Personar i lag/foreiningar om skal leie, eller delta i arrangering av kursa må ha godkjent politiattest. Lag/foreining skal, på førespurnad, kunne dokumentere at slik politiattest er innhenta.

Lag/foreiningar må sjølve handtere informasjon om eigne kurs, samt påmelding og gjennomføring av desse. 

Har de ikkje moglegheit til å oppfylle kriteria over vil det likevel være mogleg å bidra med ferieaktiviteter i løpet av sommaren, men det vil dessverre ikkje være mogleg å søke økonomisk støtte.

Informasjon

Om de synes dette høyrest interessant ut, og ønsker informasjon om ferieaktivitetar kan de kontakte oss på e-post: sommarskule@sula.kommune.no.