Det er snart tid for kantslått

Om få dagar startar vi med kantslått langs kommunale vegar.

Kantslått er viktig både for å sikre god sikt og trafikktryggleik, men den er like viktig for å avgrense spreiing av framande, skadelege artar. Om grunneigarane vedlikeheld gjerda og hekkane sine blir jobben litt lettare for dei som ufører kantslåtten på vegne av kommunen.

Grunneigar sitt ansvar

Private gjerder eller hekkar tett på kommunale vegar gjer jobben vanskelegare for dei som skal utføre kantslåtten, og mykje vegutstyr blir øydelagt fordi gamle gjerder ligg for langt inn i vegen. Som grunneigar har du sjølv ansvar for å sjå etter og sikre at gjerder er i sikkeleg stand, og at hekkar ikkje veks ut i vegareal.

Grunneigar si oppgåve er å sikre at gjerdestolpane står beint, og at tråd eller netting er skikkeleg stramma. Gjerdeapparat eller anna utstyr som er øydelagde eller ikkje i bruk, må takast vekk, eller merkast slik at det er godt synleg for dei som utfører kantslåtten.

Langs kommunale vegar er det kommunen som også driftar ein god del av området utanfor vegen. Gjerde eller hekk skal settast opp med minst 1,5 meter avstand frå vegkanten, avstanden aukar med fartsgrensa. Dette er regulert gjennom veglova og i forskrift om gjerde ved offentlig veg.

Kravet til avstand er viktig for at entreprenørane skal få gjort nødvendig arbeid som kantslått, grøftereinsking og rydding langs vegane.

Er du usikker på kva krav som gjeld i ditt området kan du kontakte kommunen.