Ei god nyheit frå Kommunelegekontoret i Sula.
Vi er glade for å kunne dele at fastlege Silje Elisabeth Langnes no er tilbake på jobb ved kommunelegekontoret.
Denne dagen har mange sett fram til – både kollegaer, pasientar og ikkje minst Silje sjølv.
Oppstarten skjer steg for steg. Etter sjukdom er det viktig å ta omsyn, og Silje startar difor forsiktig for å få ei overkommeleg arbeidsmengd. Pasientlista er redusert, og i starten vil det ikkje vere mogleg å bestille timar på nettet. E-konsultasjonar og fleire tilbod vil bli opna for etter kvart.
Dette er mellombelse tilpassingar som vi justerer i takt med at Silje kjem seg godt inn i kvardagen igjen – på ein god og trygg måte.
Med stor respekt og stoltheit ønskjer vi å leggje til rette for at Silje skal få gjere den jobben ho er så glad i. Vi håpar på forståing for at alt ikkje vil vere heilt på plass frå første dag – dette er noko vi skal få til i lag. Vilje til å lykkast saman.
Velkomen tilbake, Silje.
Publisert 04.05.2026 14.56
Sist endra 04.05.2026 14.57