Idrettsdag på Lømyra

Fredag 21. juni arrangerte rehabiliteringstenesta idrettsdag på Lømyra. Alle dei om lag 130 personane som deltek i frisklivsgrupper/trimgrupper i Sula var inviterte. Over 75 personar frå heile øya deltok. Deltakarane var i alderen 55 til 92 år. 

Fokus for dagen var bevegelsesglede og meistring, det var sett opp i alt 16 postar med ulike aktivitetar. 

Ein magisk dag

Dagen blei gjennomført i samarbeid med Langevåg Røde Kors, Røstadmarka barnehage, NAV og ung meistring.  Røde kors bidrog med transport og heldt eit generelt overblikk med arrangementet. Rørstadmarka barnehage sto for oppvarming med flott sang og bevegelsar. Nav og ung mestring bidrog med rettleiing  og godt humør på postane i lag med andre frivillige. Ordførar Turid Humlen og kommunalsjef Kjetil Fylling  var også til stades, dei delte ut diplomar til alle deltakarane. Ordføraren viste dessutan fram sine imponerande ferdigheiter med rockeringen. 

Det blei ein magisk dag med mykje latter, smil, engasjement, energi og idrettsglede!

Fokus på aktivitet og helsefremmande tiltak

Rehabiliteringstenesta har fokus på aktivitet og helsefremjande tiltak, noko vi veit er med på å betre både psykisk og fysisk helse. Livskvalitet og trivsel styrkar oss i møte med belastningar og utfordringar i kvardagen.

Det er fem enkle grep som kan bidra til auka livskvalitet og trivsel:

  • Vere aktiv
  • Knytte sosiale band
  • Vere oppmerksam
  •  Lære noko nytt
  • Gi eit smil

Alle dei fem grepa blir brukt i treningsgruppene kvar veke, dei vart også brukt på idrettsdagen på Lømyra.

Rehabiliteringstenesta ønsker å takke deltakarane for iveren, engasjementet og treningsgleda.

 God sommer!