Influensa- og koronavaksine 2024

I år blir det vaksinering på Langevåg bedehus onsdag 23. oktober, frå klokka 09:40. - 18:00.

Slik bestiller du time

Om du er i ei risikogruppe, kan du bestille time til influensavaksinering på www.c19.no  . Det er mogleg å bestille tid både for seg sjølv og andre - hjelp gjerne pårørande/andre som treng det og bestill tid i lag. Det vil vere mogelg å få koronavaksine samtidig med influensavaksina, du treng ikkje bestille eigen time for dette, du gir berre beskjed når du møter opp.

Du bestiller time for vaksinering på C19. Når du kjem til time gir du beskjed om det er influensa, korona eller begge du ønsker å få, treng ikkje fleire timar for å få begge vaksinane.

Vi oppfordrar flest mogleg til å bestille time, men det vil også bli anledning til Drop-in.

Praktisk informasjon

  • Du må vente i 20 minutt etter vaksinen er satt. 
  • Influensavaksine kostar 150 kr. 
  • Koronavaksine er gratis.
  • Det vil vere mogleg å betale med vipps, bankkort eller kontantar. 

Vi oppmodar alle som kan å ta vaksine 23. oktober, men det vil også vere mogleg å få influensa- og koronavaksine ved kommunelegekontoret eller fastlegen utover hausten.  

Barn og unge i risikogrupper

Barn og unge i risikogrupper som ønsker vaksine, kan sende melding til helsestasjon i HelsaMieller ta kontakt med fastlege. Det blir sett opp eit eige tidspunkt for vaksinering av barn og unge. Informasjon om tidspunkt  kjem så snart det er bestemt. Om du har spørsmål, kan du kontakte  Sula helsestasjon.

Risikogrupper for influensa- og koronvasksine

Les meir om risikogrupper og anbefalingar  med omsyn til influensa- og koronavaksine på Folkehelseinstituttet sine sider:

Dei som ikkje er i ei risikogruppe

Om du ikkje er i ei risikogruppe kan du få resept hos fastlegen, eller du kan bestille vaksine på apoteket.

Her skjer vaksineringa

Kontakt

Sula kommunelegekontor
E-post
Telefon 70 19 91 60

Adresse:
Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg

Sikker post til kommunen (eDialog)

Kontortid:
Kvardagar 08:00 – 15:00

Telefontid:
Kvardagar unntatt tysdag 08:30 - 15:00
Tysdag 09:00 - 15:00