Informasjon om status for avløpssituasjon
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gav den 5. juli utsleppsløyve til Sula kommune for Kongshaugen reinseanlegg. I utsleppsløyvet er det opna for bruk av dei offentlege reinseanlegga RA1, RA2 og U4 Sunde (omtala under) på nærare vilkår i perioden fram til Kongshaugen reinseanlegg er ferdig, og sett i drift. Vilkåra er mellom anna at avløpet vert reinsa via private anlegg før påslepp til dei offentlege anlegga, og at det er kapasitet på dei offentlege anlegga.
At kommunen kan handsame søknadar om tilknyting som nemnt over, er m.a. basert på avklaringar som vart gjort i eit møte som Sula kommune,Ålesund kommune og konsulentfirmaet Asplan Viak AS gjennomførte med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal den 19. august 2024. Tema i møtet var både tekniske krav til Kongshaugen reinseanlegg, og vilkår for tilknyting av nye private avløpsanlegg.
Sula kommune må i si vurdering av søknadar ta omsyn til at eksisterande kommunale avløpsreinseanlegg skal ha tilstrekkeleg kapasitet, og at påslepp av meir avløpsvatn ikkje skal føre til overløp i normalsituasjonar.
Ut frå situasjonen i dag, er det ein avgrensa ledig kapasitet i deler av Sula kommune. Sula kommune er delt i avløpssonar. For sonane «Langevåg» (RA1) og «Djupvika» (RA2) er det noko ledig kapasitet, medan det for «Sunde» (U4) ikkje er ledig kapasitet p.t.
Statsforvaltaren stiller i tillegg til ovannemnde vilkår om at reinsing av avløpsvatn (fram til Kongshaugen reinseanlegg er i drift) minimum skal tilfredsstille gjeldande primærreinsekrav. Kravet til reinsing må følgast opp med dokumentasjon.
Publisert 28.08.2024 08.25
Sist endra 08.10.2024 13.09