Det er bestemt å innføre ei fast telefontid for Eining for plan, byggesak og geodata (PBG) kvar onsdag frå 09.00 - 12.00, ordninga gjeld frå 2. april. I telefontida vil saksbehandlarane vere tilgjengelege for å svare på spørsmål på telefon.
Kva rettleiing kan ein få?
Tilbodet er først og fremst retta mot publikum, ikkje profesjonelle utbyggarar og søkarar (profesjonelle aktørar).
Du vil kunne få ei avklaring på om eit tiltak er søknadspliktig eller ikkje, for eksempel oppføring av garasje eller endringar av ei fasade. Når det gjeld planar og regulering, vil du kunne få svar på spørsmål om arealbruk og formål i reguleringsplanar.
Om du er profesjonelle aktør, eller saka di gjeld eit tiltak som er søknadspliktig må du nytte bookingløysinga på heimesida vår og reservere ein avtale med saksbehandlar, eller ein førehandskonferanse.
Ordninga med fast telefontid blir innført med opningstid onsdagar mellom kl. 09.00 og 12.00 frå 2. april.
Her finn du telefonnummeret til dei tilsette i eininga
Publisert 25.03.2025 10.41
Sist endra 25.03.2025 10.44