Innskriving i grunnskulen 2024

Skulane er i gang med planlegginga av skuleåret 2025/2026. Alle skulepliktige må skrivast inn, også barn som har fått utsett skulestart.

Innskriving skal gjerast ved å logge på Oppvekstportalen. Dersom de ønsker utsett eller framskutt skulestart må de sende søknad til rektor. Pedagogisk-psykologisk teneste vurderer barnet sin utviklingsstatus og gir råd til rektor som avgjer saka.

Innskrivingsdagar ved dei ulike skulane

  • Langevåg skule 26. og 28.november.
  • Rørstadmarka skule 26. og 27. november.
  • Solevåg skule 26.november.

Det vil kome eige informasjonsskriv til heimane frå kvar skule. I løpet av våren sender skulane også ut informasjon om innskulingsdagar og foreldremøte.

Forskrift om skulekrinsar i Sula kommune (PDF, 308 kB)

Skulefritidsordning

Alle barn som treng opphaldstid i skulefritidsordninga (SFO) får plass ved å søke gjennom Oppvekstportalen. Frist forsøknad om SFO-plass er 15.04.

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss