Kontrakt på bergarbeid Kongshaugen

B&G Tunnel fekk kontrakten på tunnelar og berghallar til Kongshaugen reinseanlegg.

Administrasjonsbygget blir liggande ute i dagen på Kongshaugstranda medan sjølve reinseanlegget kjem inne i fjellet. Illustrasjon: Asplan Viak.
Berghallane skal ligge inne i Veibustfjellet med tunnelar som går frå administrasjonsbygget.  Illustrasjon: Asplan Viak.

Kontrakten gjeld utsprenging av tunellar og berghallar i tillegg til arbeid som transport og av massar og sikringsarbeid.
Dette er venta å vere den nest største kontrakten for Kongshaugen reinseanlegg og prosjektleiar for BLÅ Fjordar, Terje Endresen, er glad for god interesse og at ein kunne inngå ein kontrakt innanfor budsjett.

Miljøvinnarar

Frå nyttår kom også nye krav om at miljø skal vektast med minst tretti prosent i offentlege innkjøp. 
Terje Endresen seier B&G Tunnel skåra best av alle tilbydarane på dette kravet mellom anna med planar om bruk av el-lastebil, noko som både vil gi langt lavare co2-utslepp og mindre eksos og støy til nærområdet. 

Når målet vårt er reinare fjordar, så er det fint å ha entreprenørar på laget som gjer det dei kan og strekker seg for å vi kan halde nede miljø- og klimaavtrykket også i byggefasen.

Arbeidet med sprenging av tunnelar og berghallar startar i vinter og pågår heile neste år.

Landskapsbilde - Klikk for stort bilete BLÅ fjordar

Berghallane skal ligge inne i Veibustfjellet med tunnelar som går frå administrasjonsbygge

Viktig samfunnsprosjekt

B&G Tunnel er ein del av BG Gruppen som har drive i entreprenørbransjen sidan 1959. Hovudkontoret er i Egersund og dei har om lag 650 tilsette ute på oppdrag over heile Sør-Norge. 

Prosjektleiar i B&G Tunnel, Bjørnar Bollestad, er glad for kontrakten og ser fram til arbeidet dei skal gjere for Sula og Ålesund kommunar. Han seier Kongshaugen reinseanlegg er eit viktig samfunnsprosjekt for desse kommunane, og dei skal ta i bruk deira lange erfaring og kompetanse for at både oppdragsgivar og lokalsamfunn skal få eit godt resultat og ein god byggeprosess. 

Forholdet til dei rundt oss er heilt sentralt for ei vellukka gjennomføring. Vi vil legge vekt på å opprette ein god dialog så snart vi er på plass slik at vi kan bidra og samarbeide godt med nærmiljøet vi no blir ein såpass synleg del av.

Meir om prosjektet

  • «BLÅ fjordar» er eit samarbeid mellom Sula kommune og Ålesund kommune om felles system som sikrar lovleg reinsing av avløpsvatn frå heile Sula kommune og store delar av Ålesund kommune, reinare fjordsystem og ei berekraftig løysing for framtida.
  • BLÅ har både reinseanlegg, administrasjonsbygg og overføringsanlegg.
  • Administrasjonsbygget skal ligge på Kongshaugstranda medan reinseanlegget vert bygd i fjellet bak administrasjonsbygget.
  • I tillegg skal det byggast 34 kilometer overføringsleidningar med fleire pumpestasjonar og ventilhus.
  • Planlagt drift av anlegget er i 2028.

Meir informasjon finn du på blafjordar.no.