Kvifor varierer beløpet på faktura for kommunale avgifter?

I løpet av denne veka (veke 10) vil vi sende ut faktura for kommunale avgifter, både til dei som har månadleg faktura og til dei som betalar kvartalsvis, forfall er 20. mars. Kvart år får vi spørsmål om kvifor beløpa på rekningane varierer gjennom året, det prøver vi å svare på her.

Grunnen til at beløpa kan variere er vassmålaroppgjer og eigedomsskatt. For deg som mottek månadleg faktura, vil beløpa på fakturaen for januar, februar og mars kunne vere ulike. For deg som betalar kvartalsvis, vil det vere fakturaen for 1. kvartal som vil kunne avvike. I perioden april - desember vil fakturaene ha likt beløp.

Vassmålar

Om du har vassmålar vil vassmålaroppgjeret ha betydning for kor mykje du må betale.  For dei som har månadleg faktura kjem oppgjeret på fakturaen for februar, medan dei som har kvartalsvis faktura får oppgjeret på  faktura for 1. termin. Om du har brukt meir vatn enn det som har vore estimert, vil fakturen kunne bli høgare enn resten av året, om du har brukt mindre vil den kunne vere lågare.

Eigedomsskatt

I Sula kommune er det Skattetaten si verdivurdering av bustaden som ligg til grunn for berekninga av eigedomsskatten. Desse tala er ikkje klare før i februar kvart år. Vi får derfor ikkje fakturert deg for eigedomsskatt i januar og februar, i staden blir eigedomsskatten for dei tre første månadane i året fakturert i mars.  Om du betalar kvartalsvis, vil ikkje dette ha noko å bety.

Nyttige  lenker

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider

Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Frå og med 22.04.25 endrar innbyggartorg og sentralbord opningstidene til måndag og onsdag 09.00 - 13.00.

Dørene på rådhuset er opne på kvardagar 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss