Mykje overvatn og stor vassføring i bekkar og vassdrag
Det er generelt svært mykje overvatn og stor vassføring i bekkar og vassdrag på Sula. I Langevåg har det vore vassinntrenging på to eigedomar ved Molværselva på Legane.
Innsats frå brannvesenet hindra større skadar på ein bustad. Situasjonen er under kontroll og kommunen held oppsyn med kommunale overvassanlegg.
Publikum kan melde frå til teknisk vakt på telefon 900 50 777 om fare for overfløyming, eller feil på dei kommunale vatn og avløpsanlegga.
Stor vassføring i Molværselva
Sula kommune
Publisert 25.12.2024 16.28
Sist endra 25.12.2024 16.47