Dei tilsette i innbyggartorget frå venstre Kirsti Øien Blomvik, Gunn Kjersti Myklebust, Kathrin Reidun Vågnes, Elise Hovden Reknes og Anne Lise Engkrog Salen. Rigmor Juul Olsnes var ikkje til stades då bildet vart tatt.
Sula kommune
Dei siste åra har vi sett at fleire nyttar dei digtale løysingane våre, talet på besøknade i innbyggartorget, samt telefonar til sentralbordet, har samtidig gått ned.
Dette er i tråd med målet om sjølvbetente innbyggarar og ei døgnopen kommune, seier fagleiar for service og kommunikasjon Anne Lise Engkrog Salen
I januar 2024 vart opningtidene redusert til 09.00-13.00 måndag til fredag, utan at det har ført til negative tilbakemeldingar frå publikum.
I tillegg til å betene besøkande og sentralbord, har dei tilsette i Innbyggartorget fått stadig fleire oppgåver med saksbehandling. Som eit ledd i den nødvendige innsparinga kommunen må gjennomføre vil eininga også miste ei stilling i nær framtid, ein av dei tilsette gjeng av med pensjon og vil ikkje bli erstatta. Det er derfor bestemt at Innbyggartorget og sentralbordet skal redusere opningstidene til måndag og onsdag 09.00 - 13.00.
Digtial service
Kommune-Kari
Kommune-Kari er å finne på heimsidene våre, ho er ein chatbot som vil svare på innbyggarane sine spørsmål døgnet rundt.
Les meir om Kommune-Kari her.
Kommuneverten
Kommuneverten er ei digital resepsjonsløysing, den står i innbyggartorget og ønsker velkommen. Når den besøkande registrerer seg på kommuneverten blir det sendt ei melding til den som vedkomande har avtale med, som så kjem og hentar gjesten i innbyggartorget.
Les meir om kommuneverten her.
Booking
Vi har også ei bookingteneste på heimesida vår, der kan du sjølv gå inn og reservere ein avtale med tilsette. Per i dag kan du gjere avtalar med dei tilsette i innbyggartorget, Eining for plan, byggesak og geodata og Eining for kommunalteknikk, men målet er å få på plass denne tenesta for fleire som jobbar på rådhuset.
Meir informasjon om bookingmodulen vår finn du her.
Kontaktinformasjon
Kontaktinformsjon til tilsette