Nytt køsystem på telefon til kommunelegekontoret

For å sikre at dei som treng akutt helsehjelp kjem raskare gjennom, set vi no inn nye tiltak. 26. mai innfører vi nytt køsystem på telefonen.

  • Tast 1 dersom du treng legevakt på grunn av sjukdom eller skade
  • Tast 2 for andre henvendingar, som timebestilling, reseptfornying eller spørsmål som kan vente

Vi oppmodar alle som har moglegheit til det om å bruke Helsenorge.no til timebestilling, reseptar og andre førespurnader. Dette kan vere eit godt alternativ til å stå lenge i telefonkø. 

Kommunelegekontoret i Sula har 11 fastlegar, turnuslege og ansvar for daglegevakta i kommunen. Vi opplever ein stadig aukande pågang, og sjølv om vi gjer vårt beste for å svare på alle telefonar så raskt som mogleg, er ventetida blitt lengre. Særleg på føremiddagen er trykket stort og det er ikkje uvanleg med 25–30 personar i kø.