Skulevegen Kvasnesvegen - Solevåg skule

På grunn av annleggsarbeidet knytt til bygginga av Kongshaugen reinseanlegg, vil elevar som bur på strekninga Kvasnesvegen – Solevåg skule, få tilbod om skuleskyss frå og med hausten 2024.

Skulevegen Kvasnesvegen – Solevåg skule har tidlegare blitt vurdert med tanke på trafikksikkeheit, utan at skulevegen har blitt definert som særleg farleg skuleveg av Sula kommune.  Frå og med våren 2024 er det fleire faktorar knytt til trafikksituasjonen som gjer at sikkerheita på skulevegen har vore oppe til ny vurdering.

I januar hadde administrasjonen mellom anna desse punkta oppe til drøfting: 

  • Planlagt stenging av Fabrikkvegen vår/sommar 2024 og ei periode framover for ombygging av veg. 
  • Planlagt bygging av reinseanlegg på Kvasnes, Kongshaugen reinseanlegg, som truleg vil føre til ei stor auke i anleggstrafikk på Fabrikkvegen i fleire år framover. 
  • Stenging av Fabrikkvegen vil også føre til periodevis auka trafikkmengd på Kvasnesvegen. 


Ut frå ei totalvurdering av skulevegen, jamfør punkta over, definerer Sula kommune derfor skulevegen Kvasnes - Solevåg skule som særleg farleg ut skuleåret 2024/2025. 

Informasjon om organisering av skuleskyss

  • Møre og Romsdal fylkeskommune vil starte opp skyss for elevar på Kvasnesvegen frå og med 19.august 2024.
  • Føresette vil få praktisk informasjon om organisering av skuleskyssen, hentetidspunkt med vidare, frå Møre og Romsdal fylkeskommune før skulestart.

Inntil det er gjort utbetrande tiltak, vil det bli gjort ei ny vurdering av skulevegen før kvart skuleår.