Statsforvaltaren opprettheld motsegner
Representantar frå Sula kommune har gjennomført mekling med Statsforvalteren i Møre og Romsdal om «Områdeplan for Sulafjellet» i dag, 14. juni.
Reguleringsplanen har som formål å legge til rette for å kunne bygge ei gondolbane fra Langevåg sentrum, Devoldfabrikken, til Rundehornet på Sulafjellet. Statsforvalteren har reist motsegner til reguleringsplanen og det var dei som var tema i meklinga.
Meklinga førte ikkje fram, det var for stor avstand mellom partane. Statsforvaltaren opprettheld hovudinnhaldet i motsegnene knytt til barn og unge, samt konsekvensar for naturmangfald og friluftsliv, når det gjeld manglar ved konsekvensutgreiinga for friluftsliv vart den trekt.
Vi hadde ein god dialog i møtet og motsegnene vart godt belyst, men vi stod for langt frå kvarandre til å komme til einigheit, seier ordførar Turid Humlen
Planen med motsegner, vil bli sendt til politisk behandling i Sula kommunestyre den 25. Juni.
Om kommunestyret godkjenner planen med motsegner, vil vedtaket bli oversendt til Statsforvaltaren som så sender saka over til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.
Meir informasjon om Områdeplan for Sulafjellet finn du her
Publisert 14.06.2024 14.54
Sist endra 14.06.2024 15.01