Tilsett som einingsleiar ved Måseide barnehage
Anette Korsnes Andersen er tilsett som ny einingsleiar ved Måseide barnehage. Ho startar i jobben 1. februar. Anette tek over etter May Dybvik som har vore einingsleiar for barnehagen sidan den opna , og som no går av med pensjon etter over 30 år i stillinga.
Anette er i dag pedagogisk leiar ved Rørstadmarka barnehage. Ho er mellom anna utdanna førskulelærar, og har rettleiarutdanning. Anette har mange års erfaring frå ulike stillingar i både kommunal og privat barnehage i Sula, og har også i fleire år vore lokallagsleiar for utdanningsforbundet.
Anette fortel at ho no er klar for nye utfordringar, og vi ser fram til å få ho med på laget over nyttår. Samtidig vil vi takke May for alt det gode arbeidet som er gjort i Måseide barnehage fram til i dag, seier Ragnhild Hanken Skjong, kommunalsjef for kultur og oppvekst.
Publisert 15.11.2024 12.22
Sist endra 20.11.2024 11.44