TV-aksjon 2024

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen, som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familiane deira bu saman medan barnet får behandling.

I Sula kommune blir det i år digitale bøsser og vi håper at alle i nærmiljøet vil vere med å gi eit bidrag, du vil ikkje få besøk av bøsseberarar aksjonsdagen.

Under kan du gi ditt bidrag til Sula kommune si digitale bøsse:

Saman skal vi bidra til at:  

  • Familiar unngår å bli splitta sjølv om dei bur langt i frå sykehuset.
  • Barn med alvorleg sjukdom får ha heile familien hos seg i behandlingsperioden.
  • Foreldra kan ta vare på alle barna sine, seg sjølv og kvarandre. 
  • Søsken blir inkludert, sett og ivaretatt.
  • Familiane kan finne ro og får leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.