Velukka næringslivsfrukost
Oppmøtet var godt og tilbakemeldingane gode, då ordførar Turid Humlen inviterte til næringslivsfrukost i dag. Både næringsliv, politikarar og tilsette frå administrasjonen var representert.
Målet med næringslivsfrukosten er å bli betre kjent med kvarandare og dele kunnskap, Sula kommune blir ein betre kommune å bu i når vi samarbeider, sa ordføraren då ho ønska velkommen.
Ho introduserte også Inger Synnøve Remme, som er tilsett i Haram kommune, men som gjennom eit samarbeid mellom dei to kommunane, også jobbar deltid som næringskoordinator i Sula. Ho har mellom anna ansvaret for Sula kommune sine Hoppid -midlar og næringsfond.
Det var innlegg frå fleire representantar frå næringslivet, med både internasjonale og meir lokale tema.
- Sjefsøkonom i Sparebank 1, Elisabeth Holvik
Korleis vil valet i USA med Trump som ny president påverke den globale økonomien? Handelsmønster med blikk på tollbarrierar, proteksjonisme, maktkamp/maktbalanse (USA/Kina), krig, sanksjonar, økonomiske svingingar - Sjefsokonom i Sarebanken Møre, Kristian Tafjord
Sett i lys av verdsøkonomien, korleis påverkar rammevilkåra Norge og bedriftene i vår region? Renteutsikter, valutakursar, råvarer og olje. - I sofakroken med Øyvind Vebenstad og Henrik Hoff
Sula Vekst AS, "Årets vekstbedrift" og Boreas/Poseidon, "Årets nyskapar" er to prisvinnande Sulabedrifter i 2024. Korleis kan sosialt ansvar gå hand i hand med suksess i næringslivet? Kva er vinnaroppskrifta? - Kommunens planarbeid v/Sunniva Marøy Eriksen
- Kva har skjedd med tema frå fjorårets næringslivsfrukost?
Veibustkrysset, samarbeid mellom NAV Sula og næringslivet og ny giv for næringsforeninga i Sula
Publisert 16.01.2025 11.37
Sist endra 17.01.2025 09.57