Vi feirar Friluftslivet i år!
Friluftslivets år ønsker å inspirere deg til å oppdage og ta vare på din nærnatur, invitere kvarandre ut og å prøve nye friluftsaktivitetar.
Bålkos
friluftslivetsar.no
Kva er friluftlivets år?
Friluftslivets år er ei nasjonal markering som løftar fram verdien av friluftsliv for enkeltpersonar og samfunnet. Året vert arrangert kvart tiande år og er eit samarbeid mellom friluftsorganisasjonane, kommunar, skular, frivillige og styresmakter. Det er Norsk Friluftsliv, fellesorganisasjonen for dei 19 store frivillige friluftsorganisasjonane, som leiar arbeidet.
Friluftsliv er den fremste fritidsaktiviteten i Noreg, og har noko for alle uavhengig av føresetnadar og kunnskap. Samstundes finns det mange barrierar som kan hindre både barn, unge og vaksne frå å få gode opplevingar i naturen. Visjonen for 2025 er at alle skal finne si friluftsglede. Organisasjonar og lokale lag som tilbyr aktivitetar skal løftast fram, og det skal vere enkelt å finne dei. På den måten kan du bli ein del av eit miljø, og bli trygg på å vere ute i naturen. Då blir det også enklare å utforske naturen på eiga hand når du ønske det.
Kva skjer i 2025?
Aktivitetskalenderen for Friluftslivets år har informasjon om arrangement som foregår i heile landet no i år. Lokalt så oppmodar vi alle til å legge ut friluftsarrangement også på Sula sin aktivitetskalender Sula Friskus, slik får vi samla flest mogeleg aktivitetar på Sula på ein plass.
Årshjul for friluftslivets år syner fleire arrangement som vi blir å samlast om nasjonalt.
Årshjul for friluftslivets år 2025
friluftslivetsar.no
Publisert 23.01.2025 10.48
Sist endra 23.01.2025 11.40