Når du har funne saksbehandlaren du ønsker å snakke med, trykk på "reserver" for å få opp kalendaren til vedkomande slik at du kan sjå når dei har ledig tid. Vel det tidspunktet som passar deg best.
For førespurnader som kjem inn seinare enn ein arbeidsdag før ønska møtetidspunkt, kan vi ikkje garantere at saksbehandlar kan møte til ønska tidspunkt.
Fyll ut registreringsskjema så detaljert du kan, slik at sakbehandlaren kan vere godt budd til møtet.
Førespurnaden blir sendt direkte til saksbehandlar. Du vil så få ein e-post frå vedkomande med endeleg stadfesting på om ønska tidspunkt er godkjent eller ikkje.