Helseplattformen i Sula kommune
Sula kommune kopla seg på Helseplattformen 03. november, med Helseplattformen kjem også HelsaMi. Dette er den digitale inngangen din til helse- og omsorgstenester.
I første omgang er det Sulatunet, heimetenestene, bustader med heildøgns bemanning, psykisk helsevern, og helsestasjonen som koplar seg på Helseplattformen. Kommunelegekontoret og fastlegane vil ta i bruk systemet på eit seinare tidspunkt.
Andre artiklar vi har publisert om Helseplattformen
Spørsmål og svar om Helseplattformen og HelsaMi
Her har vi laga ei oversikt med informasjon om Helseplattformen og HelsaMi. Om du ikkje finn den informasjonen du leitar etter, er det fint om du melder frå til oss.
Vi gjer det fordi:
- Vi treng ei ny felles elektronisk journalløysing som erstattar dei løysingane vi har brukt.
- Vi får betre samhandlingsløysing mellom dei ulike nivåa i helsetenestane, og reduserer risikoen for pasientskade.
Helseplattformen er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. Helseopplysningane dine har lagt i fleire ulike datasystem, som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta historia di kvar gong du møter ein ny person i tenesta. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon, til rett tid, samla på ein og same plattform, vil også auke pasienttryggleiken din.
Helseplattformen har laga ei eiga side, der du kan få meir informasjon:
Spørsmål og svar om Helseplattformen
Med Helseplattformen kjem også HelsaMi. Dette er den digitale inngangen din til helse- og omsorgstenester. Gjennom HelsaMi kan du mellom anna få oversikt over helseopplysningar, og ha dialog med helsepersonell.
Du kan bruke HelsaMi som ein eigen app, men du kan også logge inn på nettsida.
Slik logger du deg inn og bruker HelsaMi
- Last ned app'en på mobiltelefon eller nettbrett
- Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID).
eller
- Logg inn på nettsida HelsaMi.no
- Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID).
Du kan også få tilgang på vegne av andre som ønsker at du skal ha oversikt og høve til å kommunisere for deg. Det kan til dømes vere barna dine, eldre forelder eller andre du er pårørande til.
HelsaMi er like sikkert som nettbanken. Du loggar deg inn med BankID, Buypass eller Commfides. Alle har tryggingsnivå 4, som er det høgaste tryggingsnivået.
Som med alle store teknologiprosjekt, er kommunen budd på at det dukkar opp nokre utfordringar i starten. Det er heilt normalt i så omfattende prosjekt som krev svært mykje av både medarbeidarar og av organisasjonen vår. Vi har tatt nødvendige førehandsreglar og vurderer løysinga som forsvarleg å ta i bruk, seier innføringsleiar for Helseplattformen i Sula, Grethe Juul Molvær.
Vi ber om litt ekstra tålmodighet i tida som kjem. Vi skal framleis sørge for gode og forsvarlege helsetilbod for alle innbyggarane våre. Samtidig kan tenestene våre ha nokre begrensingar i enkelte periodar, fordi tilsette brukar mykje ressursar på innføringa av den nye løysinga.
Vi gjer det vi kan for at overgangen til Helseplattformen skal gå så smidig som mogleg. I starten kan innføringa likevel føre til at tenestetilbodet til brukarar og pårørande blir noko redusert. Det kan vere i form av lengre svartid på telefon, lengre saksbehandlingstid, litt mindre tid til pasientar og pårørande, og at besøk blir forseinka, seier Grethe Juul Molvær.
Helseplattformen skal binde saman heile helsetenesta i Midt-Noreg på ein ny måte.
HelsaMi er ein sikker og brukarvennleg portal for digitale helsetenester. Den er tilgjengeleg for deg som pasient eller pårørande til pasientar i regionen. HelsaMi er eit tillegg til Helsenorge.
Etter kvart som dei tilsette i Sula kommune begynner å bruke Helseplattformen, vil du som innbyggar sjå meir innhald og kunne bruke fleire tenester i HelsaMi. for eksempel:
- Sjå timeavtalar i kommunehelsetenesten
- Søke om kommunale tenester som kommunen har valt å gjere tilgjengelege
- Skrive til helsepersonell og få svar innan kort tid
- Be om innsyn i journalen din
- Videokonsultasjonar
- Oversikt over prøvesvar
- Be om tilgang på vegne av for eksempel eigne barn, eller eigne gamle foreldre
- Svare på spørreskjema fra behandlarar i forkant av time
HelsaMi har også løysingar som er tilpassa for pasientar som har stort behov for helsehjelp, for eksempel kronisk sjuke
Vil du vite meir? Gå inn på HelsaMi sine nettsider
HelsaMi finns som nettstad og som app. Alle over 16 år loggar enkelt og trygt inn med ID-porten (til dømes Bank-ID).
Du kan også få tilgang på vegne av andre som ønsker at du skal ha oversikt og høve til å kommunisere for deg. Det kan til dømes vere barna dine, ein eldre forelder eller andre du er pårørande til.
Det avheng av behovet ditt. Enkelte har meir behov for kontakt med helsepersonell og kommunale omsorgstilbod enn andre. Nokre vil bruke HelsaMi mest på vegne av barna sine, eller andre dei er pårørande for.
Har du behov for HelsaMi, kan du ha dialog med tilsette, samt sjå din eigen helseinformasjon, få oversikt over timeavtalar fram i tid og tidligare avtalar. HelsaMi er for øvrig lett å bruke. Du kan enkelt gi andre personer tilgang til brukaren din i HelsaMi, om du ønsker det. Det kan for eksempel vere pårørande til vaksne med spesielle omsorgsbehov, eller føresette til barn.
Du kan oppdatere informasjonen vi har på HelsaMi slik at du ligg inne med rett kontaktinformasjon, og med korrekt informasjon om dine pårørande og barn.
Logg inn på HelsaMi og sjekk at kontaktopplysningane om deg stemmer. Det gjer i menypunktet «Personlige opplysninger». Sjekk også at informasjonen om pårørande stemmer.
For deg som nettopp har passert 16 år er det spesielt smart å sjekke at det er ditt mobilnummer som står oppført, og ikkje nummeret til foreldre eller føresette som står der. Fram til du er 16 år kan foreldre, eller andre med foreldreansvar ha innsyn gjennom HelsaMi.
Om du har barn under 16 år, er det viktig at du har dei tilknytt i HelsaMi. Dette gjer du enkelt ved å fylle ut eit skjema inne i HelsaMi.
Tilgangen til å sjå informasjon om eigne barn skal forsvinne automatisk når dei fylle 16 år, men det kan vere smart å sjekke at kontaktinformasjonen for dei som nettopp har fylt 16 år er oppdatert.
Publisert av Kathrin Vågnes
Publisert 01.11.2023 16.34
Sist endra 05.02.2024 14.00