Kan du tenke deg å vere møtefullmektig i Sula forliksråd?
Sula kommune skal i haust velje møtefullmektigar til forliksråd for perioden 01.01.25 – 31.12.28.
Du kan lese meir om forliksrådet her
Ein møtefullmektig må vere over 25 år, ha alminneleg god samfunnskunnskap og beherske norsk munnleg og skriftleg. Vedkomande skal representere ein person/part som ikkje kan eller har moglegheit for å møte sjølv. Du representerer berre den parten som oppdraget kjem frå, og skal i den enkelte saka vere uavhengig av andre interesser enn parten sin. Du treng ikkje vere busett i Sula kommune.
Om dette noko du er interessert i, kan du melde frå her.
Publisert 02.10.2024 10.57
Sist endra 03.10.2024 10.22